Moa svømmehall Moa svømmehall

Moa svømmehall
Moa svømmehall

Reglar

Moa svømmehall er ein arena for badeglede, trening og helse. Det skal vere trygt å besøke oss. Alle besøkande må difor følgje retningslinjene våre.

 

Slik slepp du å lukte klor

  • Dusj: Dusj naken, med såpe og vann, før du går i bassenget. Klor festar seg på bakterier og såperestar, men ikkje på en rein kropp.
  • Bad: Er alle reine før dei badar, blir miljøet i vatnet og lufta betre, noko alle har glede av!
  • Dusj: Skyll deg etter bading, før du tar på såpe. Om ikkje får du klorlukt på kroppen.

Slik vil vi ha det på Moa svømmehall

All bading og opphold Moa svømmehall skjer på eige ansvar. Vis hensyn til andre, følg våre retningslinjer og rett deg etter det badebetjentene seier.

Alle typar fotoapparat og mobiltelefonar er forbodne i dusj- og garderobeområdet. Om du ønsker å ta bilde inne i svømmehallen, så må du avklare dette med badebetjentene først.

Hygiene

  • Sko skal du ta av deg når du kjem inn i garderoba. Ikkje tråkk med sko i barfotgangen. 
  • Dusj naken.
  • Vask deg grundig med såpe, både hår og kropp, før du går ut i bassenget eller i badstu.
  • Det er ikkje tillat å gjere personleg hygiene, som å barbere seg eller ta fotpleie, i dusj eller garderobe.
  • Badetøy skal vere reint og takast på etter kroppsvasken. Det er ikkje tillate å bade med undertøy.
  • Bandasjar og plaster må fjernast før ein dusjar. Det er ikkje tillatt å bade med opne/plastra sår eller eller smittsame hudsjukdommar.
  • Har du langt hår, så bruk helst hårstrikk eller badehette i bassenga.
  • Forurereining, som til dømes spytting i bassenga, må ikkje skje.
  • Det er forbode med bruk av tyggegummi og snus.
  • Frå skulealder (6 år) skal barn skifte og dusje i dei respektive garderobane sine.

Sikkerheit i bassenget

  • Dei som ikkje er svømmedyktig og barn under 10 år skal alltid ha med seg en svømmedyktig, badande vaksen på minst 18 år i bassenget.
  • Ein svømmedyktig, badande vaksen kan ha med seg maksimum tre som ikkje er svømmedyktige.
  • Dei som ikkje er svømmedyktige skal bruke øvingsbassenget.
  • Snorkel er ikkje tillatt.
  • Det er ikkje lov å springe i anlegget.

Sikkerheit i garderobe

  • Dine eigedelar har du sjølv ansvar for. Sett dei i eit garderobeskap som du låser. Ta godt vare på nøkkelen. 
  • Ikkje ta med knusbare flasker i garderobe, sanitærrom eller svømmehall.

Tilgang og bortvisning

  • Du må ha gyldig billett for å få tilgang til svømmehallen.
  • Rusa personar har ikkje tilgang. Det er forbode å nyte rusmiddel av noko slag i lokala.
  • Hærverk på bygning, inventar og utstyr medfører erstatningsansvar.
  • Alle besøkande skal rette seg etter det badebetjentene seier. 
  • Brot på reglane, eller uakseptabel åtferd kan føre til bortvising.