Moa svømmehall Moa svømmehall

Moa svømmehall
Moa svømmehall

Gratis inngang for 3. klassingar

Alle barn på 3. trinnet i Ålesund kommune kan bade eller svømme gratis, så mykje dei vil.

Dei fleste barneskolane i kommunen startar med svømmeundervisning i 3. klasse.

For at barna skal bli trygge i vatn og lære å svømme, og for å gi føresette betre høve til sjølv å lære barna å svømme, har vi starta eit prøveprosjektet med gratis svømming. Dette kan være eit viktig tillegg til undervisninga til skolane.

Dette nye tilbodet varer fram til og med 15. august 2023.

Slik virka tilbodet

Sidan barn i 3. klasse er under 10 år må dei ha med seg ein vaksen over 18 år som har ansvar for barna. Dei som er med betalar vanleg pris. Ein vaksen kan ha med opptil 3 barn.

På Moa svømmehall har vi namnelister for alle elevar på 3. trinn i kommunen, slik at vi kan sjekke kven som kan få bade eller svømme gratis.